No er bompengesøknaden for Kvinnheradpakken sendt på nytt

Vestland fylkeskommune har no sendt bompengesøknad til Samferdselsdepartementet.

Etter kvalitetssikring i Vegdirektoratet tidlegare i haust, har forslag til eit nytt takstopplegg vore oppe til lokalpolitisk behandling i Kvinnherad kommune og i Vestland fylkeskommune.

Prosjektleiar for Kvinnheradpakken Kathrine Løno Lahlum seier at dei no er glad for å ha kome enda eit steg vidare.

-Samferdselsdepartementet vil bruke ein periode på 3-5 månadar for handsame saken. Det er dei som vil fremme saka for Stortinget, og skal gjere endeleg vedtak om bompengeprosjekt, seier Lahlum.

Ho håpar på at dette vil skje fram mot våren.

Treng eit vedtak i Stortinget

Kvinnheradpakken omfattar i alt seks utbyggingsprosjekt, to planprosjekt og ei ramme til mindre tiltak på fleire fylkesvegstrekningar i Kvinnherad kommune. Tiltaka omfattar utbetring av veg,  skredsikring, bygging av gang- og sykkelvegar og fjerning av flaskehalsar. Tiltaka skal gi betre framkomst, miljø og trafikktrygging for alle trafikantgrupper.

-I dag er brua forbi Furebergfossen ferdig, og planlegging av strekninga mellom Folgefonntunnelen-Årsnes er vi godt i gang med saman med entreprenør. Byggestart på dette prosjektet vil skje i mai. Begge desse prosjekta er i stor grad finansiert av rassikringsmidlar, seier Lahlum.

I tillegg skal det byggast fleire gang- og sykkelvegar i tettbygde område.
-For gang- og sykkelvegen i Herøysundet blei reguleringsplanen godkjent i september. Nå er vi i gang med prosjekteringa og byggestart vil skje til våren 2021. Vi treng eit vedtak i Stortinget for å få realisert dei andre gode prosjekta i Kvinnheradpakken, seier Lahlum.

Det er lagt opp til at innkrevjing av bompengar skal starte opp i løpet av 2021.