Fv. 544 Sæbøvik-Eidsvik-Tofte

Strekninga har låg vegstandard og er utan tilrettelegging for mjuke trafikantar.

Veg: Fv. 544
Fase: Planarbeidet er ikkje starta.
Mål: Målet er å auke vegstandarden og leggje til rette for mjuke trafikantar. 
Kostnad: 32 mill.kr.
Kommune: Kvinnherad


På Halsnøy går gjennomgangstrafikken til ferjesambandet Skjersholmane–Ranavik og snøggbåtruta gjennom området Sæbøvik–Eidsvik. Vegbana skal utvidast og det skal byggjast gang- og sykkelveg.