Fv. 544/48 Opsanger-Porsvik

Mellom Opsanger og Porsvik manglar det tilbod for mjuke trafikantar, og det er heller ikkje lagt til rette for å kunne gå og sykle til snøggbåten på Sunde ferjekai. Fylkesvegane har vekslande standard, der strekkja på fv. 544 Reset–Opsanger spesielt skil seg ut.

Veg: Fv. 544/48
Fase: Forprosjekt er i gang.
Mål: Knyte saman tettstadane Husnes, Sunde og Valen med gang- og sykkelveg, samt betre vegstandarden for gjennomgangstrafikken.
Kostnad: 88 mill.kr.
Kommune: Kvinnherad

Vegstrekninga mellom Opsanger og Porsvik omfattar fylkesvegane 48, 544 og 43, og er trafikkert av reisande frå Halsnøy, Husnes, Sunde og Sunde snøggbåtkai.