Fv. 500 Furebergfossen bru

Arbeidet med ny bru starta i april 2019, og vil stå ferdig sommaren 2020. Ny bru gjer at trafikantar ikkje vert utsett for steinsprang frå fossen. Den nye brua kjem lenger bort frå fossen enn dagens løysing. Brua blir 50 meter lang, og prosjektet omfattar 310 meter veg med kopling til eksisterande veg. Det blir tilrettelagt med ei stopplomme for besøkjande.

Veg: Fv. 500
Fase: Byggefase
Mål: Brua vil gje betre og tryggare veg. Mellom anna vil det ikkje lenger vere fare for steinsprang frå fosseløpet. Når den nye brua er på plass vil også punktet med høgast skredfaktor på fylkesvegnettet i Vestland bli borte.
Kostnad: 69 mill. kr.
Kommune: Kvinnherad

 

Ny bru ved Furubergfossen.
NY BRU VED FURUBERGFOSSEN: Det kjem ny bru på fv. 500 ved Furubergfossen. Brua skal stå ferdig hausten 2020.
Furebergfossen bru
FORSKALING PÅ PLASS I 2019: Før jul kom forskalinga av overbygninga på den nye brua på plass.