Fv. 500 Folgefonntunnelen-Årsnes. Tunnel og vegutbetring.

Fylkesveg 500 er utsatt for skred av stein, is og snø. Vegen er smal og har liten sikt på ulike plasser. Vegen er generelt dårlig å ta seg fram på. Fylkesvegen er den einaste vegen ut og inn i Kvinnherad kommune via fastland, og er ruta for ferjetrafikken mellom Årsnes, Jondal og Odda. Det er difor behov for å gjøre det tryggare og enklare å reise til og frå kommunen langs denne vegen.

Veg: Fv. 500
Fase: Reguleringsplanarbeidet på tunnel mellom Kroka-Sundal er starta opp.
Konkurranseprega dialog for heile prosjektet pågår. Byggestart frå 2021-2024. 
Mål: Målet er å skredsikre vegstrekninga Folgefonntunnelen–Årsnes, og å betre trafikktryggleiken og framkome på heile strekninga.
Kostnad: 450 mill.kr.
Kommune: Kvinnherad

 

Strekninga har ein viktig lokal og regional funksjon. Mellom Folgefonntunnelen og Furebergfossen er det sidebratt terreng, med høge skjeringar og fall ned mot fjorden. Samstundes er det ein svært skredutsett vegstrekning.

Prosjektet omfattar tunnel og utbetring av eksisterande veg på deler av strekninga. Det er naudsynt med mindre vegutbetringar, som å rette opp kurvatur og breiddeutvidingar. Det er utarbeidd forprosjekt for skredsikring av fv. 500 mellom Tveitnes og Sundal i Kvinnherad kommune forbi den mest skredutsatte delen av vegstrekninga. Forprosjektet har tilrådd at det blir bygd kort tunnel på 1500 meter mellom Kroka og Sundal. Ny tunnel inkl veg i dagen skal gje betre trafikktryggleik, betre framkomst og betre miljø. Prosjektet skal gje lågare risiko for uønska hendingar knytt til skred.

Planarbeidet er del av Kvinnheradpakken som Kvinnherad kommunestyre slutta seg til 25.10.2018, og planområdet omfattar vegstrekninga frå avkøyring til Kroka til og med Musskjerneset, samt ein teig på eigedom 57/1.Det forventes at reguleringsplanen blir vedtatt av Kvinnherad kommune i 4. kvartal 2020/21.

Skredsikring på fv. 500 Kroka-Sunndal
SKREDSIKRING: Det skal byggast kort tunnel mellom Kroka og Sunndal for å gje lågare risiko for uønska hendingar knytt til skred. Ny tunnel og ny veg i dagen skal gje betre trafikktryggleik, betre framkomst og betre miljø.