Fv. 48 Sandvoll Sentrum

Vegstrekninga er ein del av fylkesveg 48 på Sandvoll, sør i Kvinnherad kommune. Nord for Sandvoll industriområde ligg Handeland bru, ei flott steinkvelingsbru bygd i 1924. Brua er smal med dårleg rekkverk og er ikkje tilrettelagt for mjuke trafikantar. Det skal byggjast ny bru med tilslutning til fylkesvegen. Eksisterande bru vert bevart som eit viktig kulturminne.

Veg: Fv. 48
Fase: Planarbeidet er ikkje starta.
Mål: Målet med prosjektet er å legga til rette for mjuke trafikantar, slik at skulevegen vert betra og tryggleiken aukar.
Kostnad: 44 mill.kr.
Kommune: Kvinnherad