Arbeid med ny bru gjer at fv. 551 blir stengt nattestid i helga

I desse dagar held ein på med å få på plass forskaling av overbygninga på ny bru ved Furebergfossen. No står siste spennet att, og då må ein ha på plass eit støttesystem (fagverk) som forskalinga skal ligge på. Fylkesveg 551 blir difor stengt no til helga.

Fagverket skal løftast på plass i sjølve bruspennet, og arbeidet krev ein stor mobilkran som vil ta plass på dagens veg.

-Då blir de heilt naudsynt at vi stenger vegen to netter og delvis kveld, seier byggeleiar Bjørn Giljarhus.

Han seier at fv. 551 blir stengt natt til laurdag 16. november frå kl. 00.30 til 07.30 og laurdag frå kl. 21.30 til sundag kl. 07.30.

Alternativ omkøyring blir om Matre og via Åkrafjorden eller nordsida av Hardangerfjorden og tilbake via Jondal.

Så langt er endene på brua (landkar) og søylene som brua står på i elveløpet støypt ferdig. Støyping av sjølve brudekket vil skje i desember. Den nye brua blir bygd 10 meter lengre ut frå fossen, og det er to gode grunnar til det.

-Dette gjer vi for unngå både fossespruten, og at det til tider blir kasta stein inn på brua når vassføringa er stor, seier Giljarhus.

For over 50 år sida blei Furebergfossen bru bygget som tilkomst veg til kraftanlegget i området. Den er smal og ligg tett inn til fossen, noko som har ført til vegstenging når vassføringa har vore stor. Ny bru skal stå ferdig i juni 2020.

Furebergfossen bru
FORSKALING PÅ PLASS I 2019: Før jul kom forskalinga av overbygninga på den nye brua på plass.

 

Publisert 13.11.2019