Kvinnheradpakken

Første byggjeprosjekt var ny bru over Furebergfossen. Arbeidet starta april 2019. Kvinnheradpakken er ikkje handsama i Stortinget, men er godkjend i Kvinnherad kommune og Hordaland fylkesting. Nokre prosjekt har berre fått midlar til planlegging. Venteleg vil Stortinget handsame Kvinnheradpakken våren 2020.

Veg:  Kvinnheradpakken omfatter prosjekt og tiltak på fylkesvegar som utbetringstiltak, skredsikring, bygging av gang- og sykkelvegar, fjerning av flaskehalsar. Med desse tiltaka vil framkomsten bli betre for alle trafikantgrupper.
Fase:  Byggefase
Kommune:  Kvinnherad
Mål:  Få betre framkomst for alle trafikantgrupper.
Kostnad: 
750 mill.kr.

 


Kvinnherad kommune har i rapporten: «Kvinnheradpakkens prioritering og finansiering av samferdselsprosjekt», kartlagt behovet for investeringar i vegprosjekt som kommunen meiner det er naudsynt å gjennomføre, for å oppretthalde konkurransekrafta for det lokale næringsliv og busetnaden i kommunen. Kvinnheradpakken vert finansiert med skredsikringsmidlar, fylkesvegmidlar, kommunalt tilskot og bompengar (innkrevjing på ferjer).

For det lokale næringslivet er konsekvensen av dagens vegstandard svekka konkurransekraft. På sikt vil dette kunne gå utover busetnaden i kommunen. Føremålet med pakken er å snu denne utviklinga, frå stagnasjon til vekst. Dette kan ein oppnå mellom anna ved å effektivisere kommunikasjonen i kommunen.

Ny bru ved Furubergfossen.
NY BRU VED FURUBERGFOSSEN: Det kjem ny bru på fv. 500 ved Furubergfossen. Brua skal stå ferdig hausten 2020.