Fv. 614 Svelgen–Indrehus

Veg:  Fv. 614
Fase:  Planfase
Kommune:  Bremanger
Mål:  Ny fylkesveg 614 mellom Svelgen og Indrehus skal sikre innkorting av reisetid, god kapasitet, effektiv og trafikksikker framkomst.

Dagens fv. 614 mellom Myklebust/Indrehus og Svelgen i Bremanger kommune er smal og svingete, og gjev dårleg framkome særskild for tyngre køyretøy. Lengda på strekninga er i dag på kring 16 km, målt mellom krysset på Myklebust og Svelgen sentrum.

Ny fylkesveg 614 mellom Svelgen og Indrehus skal sikre innkorting av reisetid, god kapasitet, effektiv og trafikksikker framkomst. Dette gjeld spesielt for næringstrafikken, samt bu- og arbeidsmarknaden innanfor pendlingsregionen til Svelgen.

Vegen skal inngå i ein framtidig transportkorridor frå Måløy til Flora og vil inngå som ein påliteleg og tilgjengeleg del av den framtidige Kystvegen i fylket.

I første fase skal det utarbeidast ein detaljreguleringsplan. Målsetting vil då vere å skaffe formelt vedtak etter plan og bygningslova for å kunne gjennomføre bygging av ny fv. 614 mellom Indrehus og Svelgen.

Kart fv. 614 Indrehus_Svelgen.jpg
KART OVER PLANOMRÅDET: Planavgrensning for fv. 614 i oppstartsvarslet mellom Svelgen og Indrehus/Myklebust. Aktuelt deponiområde ved Magnhildskartunnelen. Illustrasjon: Statens vegvesen