Vegstengingar og sprenging i Svelgen

Bygginga av ny gang- og sykkelveg i Svelgen er no inne i ein fase med mykje sprenging i fjellskjeringa mellom Risemyra og idrettsplassen, med påfølgjande stengingar.

– Entreprenøren har eit mål om at stengingane ikkje skal overskride 20 minutt. Storleiken på salvene, og dermed også omfanget av oppryddingsarbeidet før trafikken slepp forbi, vil variere noko. Dette fører til at enkelte stengingar kan ha litt lenger varigheit, seier Emma Midthjell Solibakke, byggjeleiar i Vestland fylkeskommune.

Ekstra fokus på støvtiltak

Prosjektet har også fått tilbakemeldingar på mykje støv i samband med anleggsdrifta.

DJI_0522_web.jpg
BREIVIKA-SVELGEN: Dronefoto frå bygginga av ny gang- og sykkelveg. Den aktuelle fjelleskjeringa er øvst til venstre i bildet.

– Vi tek meldingane på alvor, og vil setje ekstra fokus på støvtiltak i vekene framover. Både vi som byggherre og entreprenør har fokus på støvdemping, gjennom dagleg oppfølging av anlegget og som fast tema i byggjemøte, seier Solibakke.

Entreprenør utfører tiltak som feiing, salting og vatning for å minimere støvplagene, men det er diverre ikkje mogleg å unngå støvproblemet heilt. Noko støv vert det i eit anleggsområde sjølv om det vert gjort tiltak.

Økonomiske utfordringar

Entreprenørfirmaet Contexo, som har oppdraget med å byggje ny gang- og sykkelveg i Svelgen, har hatt økonomiske utfordringar den siste tida, men firmaet har no fått innvilga rekonstruksjonsforhandling. Inntil vidare er det drift på anlegget.

– Sprengingsarbeidet er venta å vere ferdig i løpet av ein månad, og då vil det bli mindre problem med støv og stengingar.