Ny skuleveg om Naustneset

Frå tysdag 2. juni må dei som bur i Breivika, på Langeneset og området rundt ta ein omveg til skulen. Årsaka er bygginga av den nye gang- og sykkelvegen som skal vere ferdig i 2021.

Frå neste veke vil det vere anleggsarbeid langs heile strekninga frå Breivika og vidare vestover. På strekninga mellom Risemyra og idrettsplassen må vegen snevrast inn, og det blir mykje sprenging. Difor vert denne strekninga stengt for gåande og syklande frå no, og fram til den nye gang- og sykkelvegen står ferdig i 2021. Omlegginga startar fredag ettermiddag, og på tysdag morgon vil ein mellombels gang- og sykkelveg stå klar.

– Vi gjer dette for at ingen skal komme til skade ved anlegget, og oppmodar alle om å respektere skiltinga og sperringane, seier Jon Harald Huseklepp, prosjektleiar i Vestland fylkeskommune.

Fjellskjering langs asfaltert veg
SPRENGINGSARBEID: Langs denne fjellskjæringa skal det byggast ny gang- og sykkelveg. På grunn av fjellsprenging må vegen snevrast inn, og det vil blir stengingar og lysdirigering.

Det vil bli sett opp fysisk skille mellom gåande/syklande og biltrafikken langs fylkesvegen,  og vegen rundt Naustneset vil bli tydeleg skilta.

Ikkje sprenging på dagtid

For å utvide vegen blir det mykje sprenging i fjellskjeringa på den andre sida av vegen for Svelgen oppvekst, og tryggleiken til elevar og naboar i samband med dette arbeidet er førsteprioritet for alle i prosjektet.

- Vi må ha tett dialog med skulen og barnehagen, slik at ingen born eller føresette blir skremde eller vert utsett for fare, seier Huseklepp. Det skal ikkje vere noko sprengingsarbeid før skulen og barnehagen har stengt for dagen, det betyr etter klokka 16:00