Inviterer til informasjonsmøte om bygging av gang- og sykkelveg i Svelgen

Neste veke startar bygginga av ny gang- og sykkelveg mellom Breivika og idrettsplassen i Svelgen.

Onsdag 29. januar inviterer Vestland fylkeskommune til informasjonsmøte.

– Vi inviterer til møte for å informere om kva som ligg i prosjektet, og samstundes gje innbyggjarane i Svelgen eit møtepunkt der dei kan få svar på spørsmål dei måtte ha til anleggsarbeidet, seier Jon Harald Huseklepp, prosjektleiar i Vestland fylkeskommune.

Hovudentreprenør Contexo AS vil også vere til stades på møtet komande onsdag. Dei vil presentere byggeplanen, vise kor riggområda skal ligge og gå igjennom framdriftsplanen.

– Det blir viktig å få fram kva konsekvensar anleggsarbeidet vil få for dei som skal køyre, gå og sykle på denne strekninga i anleggsperioden. Vi vil konsentrere oss om arbeidet som skal gjennomførast før sommarferien, og så vil vi få ut informasjon gjennom andre kanalar undervegs i prosjektet, seier Huseklepp.

Informasjonsmøtet vert halde i samfunnshuset i Svelgen klokka 18:00.