Varsel om oppstart av planarbeid

Vestland fylkeskommune skal i samarbeid med Sunnfjord kommune utarbeide ein detaljreguleringsplan for utbetring av fv. 611 frå Sæla til Holmeset. Vi ber med dette om innspel til arbeidet.

Skildring av tiltaket

Fv. 611 frå Sæla og vidare vestover har i dag dårleg standard. I samband med at Nordic Mining skal setje i gang gruveprosjekt i Engebøfjellet vart det for nokre år sidan inngått avtalar mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Naustdal kommune og Nordic Mining om utbetring av fv. 611. Eitt av tiltaka er å utbetre vegen på ei inntil to km lang strekning frå Sæla og vestover mot Holmeset. Ut frå tidlegare avtalar er om lag 92 mill. 2020-kr tilgjengeleg til tiltaket. Vidare planarbeid og kostnadsrekning vil avgjere kor langt det er mogleg å utbetre vegen. Plangrense no ved oppstart av arbeidet er vist under.
Vegen vil bli utbetra slik at den får 6,5 m breidde.

kart planområde.jpg
Planområdet for prosjektet fv. 611 Sæla - Engebø

Målet er å ha ein godkjent reguleringsplan hausten 2021, og at bygging av tiltaket kan starte sommaren 2022.

Truleg vil det bli eit overskot av massar ved utbetring av vegen. Vi ber om innspel på kor overskotsmassar kan nyttast.

Vurdering av konsekvensutgreiing

Vi har mål om å gjennomføre tiltaket utan at det skal bli inngrep i Førdefjorden. Men spesielt rett vest for Sæla er det svært kort avstand frå eks. veg til fjorden, slik at tilhøvet til fjorden må vurderast som ein del av planarbeidet. Då Førdefjorden er ein nasjonal laksefjord er det ut frå Forskrift om Konsekvensutredning § 10, tredje ledd a) krav om utarbeiding av konsekvensutgreiing. Konsekvensutgreiinga vil bli avgrensa til temaet Naturmangfald, og planprogram blir ikkje utarbeida.

Innspel til arbeidet

Vi ber om at de sender synspunkt og innspel til planarbeidet til oss innan 1. juni 2020. Send det til oss skriftleg anten med vanleg post til:
Vestland fylkeskommune
Postboks 7900
5020 Bergen
eller med e-post til post@vlfk.no

Informasjon/innbyggjardialog

Då det no ikkje er aktuelt å arrangere store informasjonsmøte har vi no i staden lagt til rette for ein digital innbyggardialog der grunneigarar og bebuarar i området kan markere punkt og areal i området der ein ved planlegging og bygging av vegen bør ta spesielle omsyn.

Kontakt

Dersom de har spørsmål om planarbeidet kan de kontakte Ingar Hals på telefon 974 73 361 eller e-post ingar.hals@vlfk.no 
Kontaktperson for planarbeidet i Sunnfjord kommune er Harald Eikenes, telefon 57 81 61 25 eller e-post harald.eikenes@sunnfjord.kommune.no 

Møteplassar

Jf. informasjon på nettsida skal det og byggjast møteplassar vidare vestover mot Engebø. Vi tek imot innspel på plassering av desse og!

Kontaktperson for møteplassane er Jon Harald Huseklepp, telefon 975 17 477 eller e-post jon.harald.huseklepp@vlfk.no