Fv. 611 Sæla - Engebø
Veg: | Fv. 611 |
Fase: | Planfase |
Kommune: | Sunnfjord |
Mål: | Fv. 611 frå Naustdal ut mot Engebøfjellet har dårleg standard. I samband med gruveprosjektet i Engebøfjellet vil det bli ein liten trafikkauke, og vegen skal utbetrast. |
Kostnad: | Det skal brukast 123 mill. 2020-kr. samla til tiltaket. Ut frå tidlegare avtalar mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Naustdal kommune skal 65 % av midlane brukast til utbygging av ny veg, 12,5 % til møteplassar og 12,5 % til skredsikring. |
Ut frå tidlegare avtalar mellom Naustdal kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Nordic Mining skal utbetringa vere tredelt:
- Utbygging av veg til full standard på ein strekning frå Sæla og vestover
- Bygging av møteplassar
- Andre mindre tiltak. Dette vil bli skredsikring
Utbygging av veg frå Sæla
Ut frå tilgjengelege midlar kan ein bygge ein til to kilometer ny veg. I samarbeid med Sunnfjord kommune vil vi starte planarbeid på strekninga Sæla – Holmeset. Det er planlagt bygging av ein 6,5 m brei veg. Vidare planarbeid vil avgjere kor langt ein kan byggje ny veg.

Vi har som mål å ha ein reguleringsplan vedteken hausten 2021, og at bygging kan starte i løpet av 2022.
Utbygginga vil truleg gje eit masseoverskot. Ein mogleg bruk av overskotsmassar kan vere mindre utbetringar på fv. 611 mot Engebø.
Bygging av møteplassar
Ut frå tidlegare vurderingar reknar ein med at det er midlar til å byggje om lag 8 enkle møteplassar.

Skredsikring
Tilgjengelege midlar vil bli nytta til reinsk og sikring av skjeringar, fangnett og isnett på dei to strekningane Redalslia I og Redalslia II. Dette arbeidet kan og truleg starte hausten 2020.
