Varsel om oppstart av planarbeid

Varselgrense.jpg
Planområdet for prosjektet fv. 609 Heilevang.

Skildring av tiltaket

Formålet med planarbeidet er å legge grunnlaget for skredsikring av fylkesvegen forbi det utsette fjellpartiet ved Heilevang. Det er tidlegare utarbeida forprosjekt for strekninga (2016), der konklusjonen var at vegen skal sikrast med tunnel.

I tillegg til regulering av ny vegtrasé, skal det i planarbeidet setjast av område utanom vegstrekninga som skal nyttast til masselagring, permanente deponi og riggområde for prosjektet. Det skal ikkje gjennomførast tiltak som medfører direkte inngrep i Førdefjorden eller vassdraga i kring.


Informasjon/innbyggjardialog

Vi ber om synspunkt, innspel eller andre relevante opplysningar innan 28. august. Særskildt ønskjer vi attendemelding frå aktørar som kan ha nytte av overskotsmassar frå anlegget.

Vi har lagt til rette for ein digital innbyggardialog der grunneigarar og bebuarar i området kan markere punkt og areal i området der ein ved planlegging og bygging av vegen bør ta spesielle omsyn.

Innspel

Du kan også sende merknader og synspunkt til

  • Askvoll kommune:
    Postboks 174
    6988 Askvoll
    eller på e-post: postmottak@askvoll.kommune.no
  • Sunnfjord kommune
    Postboks 338
    6802 Førde
    eller på e-post: postmottak@sunnfjord.kommune.no