Gang- og sykkelveg i Hyllestad ute på anbod

Over sommarferien startar bygginga ny gang- og sykkelveg mellom Heggebø og Leirvik i Hyllestad.

Asfaltert veg, med gangveg på delar av strekninga.
STYKKEVIS og DELT: I dag er det fortau berre på delar av strekninga. Når prosjektet står ferdig skal det bli samanhengande gangveg frå Heggebø til Leirvik.

Det skal byggast 560 meter gangveg og fortau langs fylkesveg 607. På delar av strekninga må fortauet leggast inn på noverande køyreveg, som dermed må utvidast tilsvarande.

Det skal også settast opp stein- og jordspranggjerde, desse skal sikre delar av strekninga frå nedfall.

Det vert anbodssynfaring den 19. mai, og tilbodsfristen er sett til 10. juni.

Publisert 13. mai 2020.