Fv. 606 Ytre Steinsund bru

Veg:  Fv. 606
Fase:  Planfase
Kommune:  Solund
Mål: 

Formålet med bygging av Ytre Steinsund bru er å erstatte ferjesambandet Daløy– Haldorsneset, og dermed få eit fast og døgnope samband til Ytre Sula.

Kostnad:  690 mill. kr. Finansiering er uavklart. Tiltaket er tenkt finansiert ved ferjeavløysingsmidlar og fylkeskommunal løyving.

I samband med søknad om ferjeavløysingsmidlar er det utarbeida reguleringsplan for fv. 606 Ytre Steinsund bru. Planen er utarbeidd med konsekvensutgreiing for deltema Landskapsbilete og Naturmangfald. I tillegg til ei om lag 845 m lang bru i Ytre Steinsund må det byggjast 4-4,5 km ny veg for å knytte seg til eksisterande vegnett.