Vi er i gang med Blakset­tunnelen

Mange har nok allereie merka at tunnelarbeidet har starta på Robjørgane. Fram mot sommaren skal forskjæringane ryddast og sprengast. På grunn av dette vil det bli lange stengingar heilt fram til fellesferien.

Anleggsmaskin i bratt terreng.
FORSKJERING: Fram mot sommaren skal forskjæringane til Blaksettunnelen ryddast og sprengast.

Vegen mellom Vegtun og Blakset vert stengd ved Robjørgane måndag til torsdag, i desse tidsromma: kl. 09:00-12:00, 13:00- 15:00, 17:30- 21:00

Anleggsarbeidet på Flo og Blakset tek sommarferie veke 28, 29 og 30.

Tunneldrift startar i august

Forskjæringane er angrepspunktet for tunneldrivinga. Steinmassar må sprengast og jord ryddast vekk før ein kan lage eit påhogg og starte sjølve tunneldrivinga. Dette startar etter sommarferien, i veke 31-32.

Når tunneldrivinga startar til hausten vil det vere drift nesten heile døgnet. Dette vil merkast av dei som er næraste naboar til tunnelane. Det vil bli sprenging, tømming av stein og ei tunnelvifte som går. Når det er sagt, så vil vi prøve å justere vifta slik at det bli minst mogleg støy mot naboane. På Dokset skal tunnelsteinen brukast til å utvide fylkesvegen ved tunnelportalen. Det som vert henta ut på austsida skal køyrast til deponi.

Folkemøte

Tysdag 30.mai var det folkemøte på Stryn vidaregåande skule.Auditoriumet var nærast fullsett då planane for den nye Blakset og Flotunnelen skulle presenterast. Tilstades var representantar frå Statens vegvesen, hovudentreprenør Hæhre Entreprenør AS og underentreprenør Volda Maskin. Dei skal ha ansvar for flytting av masser og frakt av stein.

Mange menneske i auditorium
FOLKEMØTE: Tysdag 30. mai var det folkemøte på Stryn vidaregåande skule.

Blir dei gamle tunnelane trygge å køyre igjennom når de skal sprenge ny tunnel på Blakset, var eitt av spørsmåla frå salen på folkemøtet.

- Ja, det meiner vi at dei vil vere. Men vi vil følgje nøye med, og køyre gjennom tunnelane før vi opnar opp for trafikk etter ei tunnelsalve, forklarte anleggsleiar i Hæhre, Jan Lima.

Det er også sett opp måleutstyr utanfor tunnelen for å følgje med på rørsler i fjellsida.

Informasjon

Det kan bli aktuelt med fleire folkemøter gjennom anleggsperioden. Vi vil også informere gjennom lokalavisa og

informasjonsbrosjyrer. Stengetider vil også bli varsla på SMS til dei som har meldt seg på denne tenesta.

Førebuande arbeid

Det har blitt gjort ei rekke tiltak på fv. 698 i forkant av tunneldrivinga, dei førebuande arbeida er i hovudsak avslutta.

Publisert 15.05.2019