Veganlegga i Stryn tek juleferie frå veslejulafta

Arbeidet vert gradvis trappa ned i Blakset- og Flotunnelen fram mot jul, men det kan bli noko aktivitet også i starten av veka.

Førre veke var det sprengingsarbeid i ei forskjæring på vestsida av Blaksettunnelen, og her kan det bli korte stengingar også måndag og tysdag. Frå veslejulafta og til 4. januar vert det fri ferdsel gjennom anleggsområdet.

Lys i enden av tunnelen

BLAKSETTUNNELEN: Mykje har skjedd sidan gjennomslaget i februar.
BLAKSETTUNNELEN: Mykje har skjedd sidan gjennomslaget i februar.

Blaksettunnelen ligg godt i rute. Viftene er oppe, og alt av tryggleiksutstyr er montert. Det er i lys i kvar av endane av tunnelen. No står det att nokre siste koplingar, installasjon av det elektriske anlegget og sluttføring av eit teknisk rom inne i tunnelen.
Vegen utanfor tunnelen framstår som ferdig, men det manglar litt rekkverk og skilt.

Bygger bru i Veslebygda

I Veslebygda er ein godt i gang med å støype fundament for landkar på kva side av Fureelva. Brua er ei elementbru, der delane blir heist på plass og deretter støypt saman. Dette arbeidet vil gå utover i januar.

Inne i Flotunnelen held arbeidet med å vass- og frostsikre tunnelen fram. Samstundes vert det lagt røyr og sett ned kummar langs tunnelveggen, og på nyåret startar arbeidet med å skifte ut og fylle på ny masse i vegbana.

Ferskt dronefoto frå Flo.
Ferskt dronefoto frå Flo.