Tunneldrivinga på Flo og Blakset tek snart juleferie

I dag går siste tunnelsalve for i år, og frå fredag blir det juleferie på Blakset og Flo. Anleggsarbeidet startar oppatt måndag 6. januar.

Tunnelrigg i arbeid.
GOD FRAMDRIFT: Frå tunnelstuffen i Blaksettunnelen.

Drivinga av Blaksettunnelen har gått jamt og trutt denne hausten. Før entreprenør Hæhre tek juleferie har dei drive om lag 965 meter av tunnelen.

– Det betyr at det står att cirka 260 meter før dei kjem ut på vestsida. Då blir det sannsynlegvis gjennomslag i midten av februar, seier Øystein Tytingvåg, prosjektleiar i Statens vegvesen.

Begge forskjæringane er no sprengt ut, og det pågår sikring på vestsida, ved Dokset. Det er her siste tunnelsalve vil gå.

Etter at tunneldrivinga er ferdig skal botnen av tunnelen bli reinska ned til fast fjell, før ny masse blir frakta inn. Dette skal bli underlag for vegen, og det er viktig at denne massen har rett kvalitet for å unngå teleproblem.

Deretter skal dreneringssystem med grøfter, røyr og kummar på plass, før vass- og frostsikringsmatter skal monterast i tak og veggar. Arbeidet med lys, ventilasjon og anna teknisk utrusting vil ta til etter sommarferien.

Framleis problem med vatn på Flo

Anleggsområde i tjukk skodde.
VINTERMORGON: Frå anleggsområdet på Flo.

Flotunnelen vert no driven frå begge sider, både frå Veslebygda og frå Flo. Til no er det drive ca 800 meter av tunnelen.

– Etter ein lengre periode med mykje vatn i tunnelen håper vi no at lekkasjen minskar, for det betyr mykje meirarbeid for tunneldrivarane og forsinkar framdrifta.  Vi vil vurdere over nyttår om vi skal fortsette å drive frå både Flo og Veslebygda vidare utover vinteren og våren, seier Tytingvåg.

Publisert  19. desember 2019