Tunnelane ute på anbod

Dei to tunnelprosjekta i Stryn, Blaksettunnelen på fv. 698 og Flotunnelen på fv. 722, er no lyst ut på anbod i ei og same kontrakt.

Flostranda.jpg
RASFARLEG: Ein ny tunnel skal sikre den rasfarlege Flostranda på fv. 722 i Stryn.

– Det har vore stor interesse rundt dette prosjektet frå entreprenørbransjen i forkant av utlysinga, så vi vonar det resulterer i at det kjem inn mange tilbod, seier prosjektleiar Øystein Tytingvåg.

Det vert anbodssynfaring den 21.november, og tilbodsfristen er sett til 10.januar 2019.