To tunnelprosjekt i Stryn lysast ut i ei kontrakt

Statens vegvesen er godt i gang med planlegginga av to store vegprosjekt i Stryn, ny tunnel på fv. 698 ved Blakset og skredsikring av fv.722 mellom Veslebygda og Flo.

gammal tunnel
TO GAMLE TUNNELAR: Den nye Blaksettunnelen skal erstatte dei to gamle og utdaterte tunnelane på fylkesvegen.

Nødvendig førebuande arbeid på eksisterande veg skal i gang allereie før sommaren, fortel Øystein Tytingvåg, prosjektleiar i Statens vegvesen.

- Før anleggsarbeidet kan starte, må det gjerast tiltak begge stader. Arbeidet ved fv. 722 ved Storesundet er lyst ut. Vi fekk inn tre tilbod, og Kveen AS var lågast. Tilboda blir i desse dagar gått igjennom og kvalitetsikra for eventuelle feil. Vi er snart klare med ei eiga utlysing på Blakset.

Skal skifte ut vegen

Storesundet ligg ved Oppstrynsvatnet, og det er her det skal gjerast mest omfattande forarbeid. På grunn av mykje leire og lausmassar i grunnen må eksisterande veg gravast opp og erstattast med ny masse.

- Denne vegstrekninga vil ikkje tole tyngda av massetransport frå tunneldrivinga, vi ser det på vegen slik den er i dag, den sprekk opp på midten. For å sleppe heft i anleggsperioden og ekstrakostnader, må vegen gjerast noko med før tunneldrivinga startar, seier Tytingvåg.

Vegen vil bli reparert etappevis, og ved å ta att eitt felt i gongen. Det kan bli nødvendig med stengingar, men desse vil bli tilpassa pendling og bussruter.

På Blakset er vil det bli gjort tiltak frå krysset til rv. 15, vidare til tunnelpåslaget ved Robjørgane. Her skal møteplassar utvidast, og sikten skal betrast ved å sprenge vekk knausar og fjerne skog. Noko rekkverk skal også rustast opp.

Lysast ut i som ei totalentreprise

Reguleringsplanen for tunnel til Flo vart vedteken i Stryn kommunestyre før jul i fjor. Reguleringsplanen for den nye Blaksettunnelen skal til handsaming i juni-møtet.

- Vi tek sikte på å lyse ut desse to prosjekta som ei kontrakt i ei totalentreprise i løpet av 2018. I ei totalentreprise har entreprenør ansvar for både prosjektering og utføring, seier prosjektleiaren.

Det at prosjekta ligg i kvar sin del av Stryn kommune skal ikkje bli eit problem.

- Vi har valt totalentreprise fordi vi meiner det vil gje større spelerom for entreprenøren til å disponere sine mannskap og maskiner på mest mogleg effektiv måte, samtidig som det er meir rasjonelt, også økonomisk, for Vegvesenet ha færre kontraktar å administrere. Vi trur også at ei større kontrakt er meir attraktivt å rekne på enn to mindre, slik at vi kan få betre konkurranse om jobben, seier Tytingvåg.

Prosjektleiaren har ilag med byggeleiarane for dei to prosjekta etablert seg med kontor Leirgulen-bygget, midt i Stryn sentrum. Herifrå vil dei styre begge prosjekta, men med tett oppfølging av tunneldrivinga og anleggsområda.

Fakta om prosjektet:

Fv. 698 Blaksettunnelen
  • Ny tunnel skal erstatte to gamle tunnelar
  • Den nye Blaksettunnelen blir 1190 meter

 

Fv.722 mellom Veslebygda og Flo:

  • Ny bru over Fureelva
  • Tunnel som skal erstatte rasfarleg veg i Flostranda
  • Flotunnelen blir 3850 meter

 Publiser 8. mai 2018