Stort oppmøte på anbodssynfaring

Representantar frå 28 leverandørar, entreprenør- og konsulentfirma møtte til anbodssynfaring på dei to tunnelprosjekta i Stryn denne veka.

Anleggssynfaring er ein del av utlysingsprosessen, og er ei moglegheit for dei som er interesserte i oppdraget til å sjå dei framtidige anleggsområda ilag med prosjektleiinga i Statens vegvesen. Denne felles synfaringa er ein god arena for å avklare det som måtte vere uklart i tilbodsdokumenta, og få fram utfordrande punkt ved prosjekta.
• Fv. 698 Blaksettunnelen og fv.722 Flotunnelen
Dei to prosjekta fv.698 Blaksettunnelen og fv.722 Flotunnelen er samla i ei felles kontrakt.
Synfaringa starta i formannskapssalen på kulturhuset i Stryn, før dei deltakarane som ønskte det kunne bli med på busstur.

Mange menneske ute i naturen
FELLES SYNFARING: Byggeleiar Vegar Sætren Bøe orienterte undervegs i synfaringa.

Turen gjekk først til tunnelpåhogga i Flo og Veslebygda, deretter til fv. 698 og Blakset. Undervegs fekk deltakarane gå ut av bussen for å ta området nærare i augesyn.

Vintersol skin over personar på veg i bratt landskap.
BLAKSETTUNNELEN: Påhogga for Blaksettunnelen går gjennom eit bratt og krevjande terreng. Grunna fare for steinsprang må strekninga mellom dei to gamle tunnelane stengast for kvar salve under drivinga av tunnelen.

Fristen for innlevering av tilbod er utsett til 24.januar 2019. Anleggsstart blir antakeleg i løpet av mai.

Elv med bru, bak ser vi ein morenerygg
VESLEBYGDA: I Veslebygda startar tunnelen i moreneryggen på vestsida av Fureelva. Ei ny bru over elva er også ein del av prosjektet.
Gardsbruk på Flo
FLO: Det vestlege påhogget for Flotunnelen grev seg gjennom dyrka mark før det treff fjell.

Publisert 23.11.2018