Siste salve i Blaksettunnelen - første gjennomslag i Vestland

Onsdag 12. februar klokka 14 gjekk siste salve i Blaksettunnelen, ein milepæl både for prosjektet og for Vestland fylke.

DSCN2161.jpg

– Dette er ei viktig markering, både for oss som byggherre, for entreprenør og for politikarane som har prioritert dette prosjektet, seier prosjektleiar Øystein Tytingvåg.

Første salve på forskjæringa gjekk i mai 2019, og det var klart til å drive tunnelen tidleg i august same år. Den 1225 meter lange tunnelen skal erstatte to svært smale og dårlege tunnelar, Blakset 1 og Blakset 2.

– Det har vore veldig god framdrift på tunneldrivinga, entreprenøren har fått til effektiv logistikk på massetransport og fått god hjelp av ein mild vinter, seier Tytingvåg.

Tunnelen er på langt nær ferdig etter gjennomslag, det står att mykje arbeid før den kan ta i mot trafikk sommaren 2021. Innan den tid skal all masse i vegbana skiftast ut og byggast opp på nytt med frostsikring og drenering. Deretter startar arbeidet med elektriske installasjonar.

Dette var første tunnelgjennomslag i Vestland fylke, og nestleiar i hovudutval for samferdsle og mobilitet, Marthe Hammer, tok turen frå Bergen.

Ho har hatt same posisjon i samferdsleutvalet i Hordaland, men set pris på å bli betre kjent med vegane og vegprosjekta i det nye storfylket.

- Det blir harde prioriteringar i fylkespolitikken framover, og då er det viktig at politikarane veit kva vegar det er snakk om. Difor er det god grunn til å bli med på markeringar som dette gjennomslaget, seier Hammer.

Publisert 14. februar 2020