Signerte kontrakt med Hæhre Entreprenør AS

Statens vegvesen signerte i dag kontrakt med Hæhre Entreprenør AS på bygginga av Blaksettunnelen på fv.698 og Flotunnelen på fv.722 i Stryn.

Dame og mann handhelsar.
SIGNERTE TUNNELKONTRAKT: Prosjektsjef for tunnel i Hæhre Entreprenør, Øystein Birkeland, og Tone Oppedal, styrings- og strategisjef i Statens vegvesen, signerte i dag kontrakt på bygging av to tunnelar i Stryn.

Kontrakten har ein verdi på 490 millionar kroner.

Tunnelprosjektet i Stryn er ei totalentreprise, det betyr at entreprenøren både skal prosjektere og bygge tunnelane. Dette er ein stor skilnad frå ei vanleg hovudentreprise der prosjektet er ferdig prosjektert av Vegvesenet innan utlysing.

- Før Hæhre kan ta første spadetak skal vi også igjennom ei samhandlingsfase. Målet er å førebu anleggsstart, og rydde opp i potensielle misforståingar og konfliktar før arbeidet startar, seier Øystein Tytingvåg, prosjektleiar i Statens vegvesen.

Hæhre er no i gang med prosjekteringsarbeidet, og ser føre seg oppstart i mai. Entreprenørfirmaet har i dag fleire store prosjekt i Nordland, men kjem til å flytte mannskap og ressursar sørover. I tillegg til tunnelprosjekta i Stryn, har entreprenørfirmaet også fått oppdraget med å oppgradere Vadheimstunnelen på fv. 55 i Sogn.

- Prosjektet i Stryn passa veldig godt inn i porteføljen vår, for vi har ledig kapasitet på tunneldrift. Totalentreprise er ikkje noko nytt for oss, men det blir spennande, seier Øystein Birkeland, prosjektsjef for tunnel i Hæhre Entreprenør.

mange mennesker i møterom
ENTREPRENØR OG BYGGHERRE: Frå venstre byggjeleiar i Statens vegvesen, Vegar Sætren Bøe; prosjektleiar Hæhre, Jan Lima; avdelingsdirektør i Vegvesenet, Svenn Finden; byggjeleiar elektro, Arvid Beinnes og prosjektleiar Øystein Tytingvåg i Statens vegvesen.

I utgangpunktet har dei tenkt å starte på begge tunnelane tilnærma samtidig, og drive frå den eine sida. Rigging og førebuande arbeid startar opp til våren, og så startar tunneldrivinga etter ferien.

 Publisert 27. februar 2019