Oppstart på førebuande arbeid på Blakset

Statens vegvesen har signert kontrakt med Kveen AS på det førebuande arbeidet på fv.698. Det må gjerast tiltak på vegen før drivinga av Blaksettunnelen kan starte opp.

Frå krysset til rv. 15, vidare til tunnelpåslaget ved Robjørgane skal møteplassar utvidast, og sikten skal betrast ved å sprenge vekk knausar og fjerne skog. Noko rekkverk skal også rustast opp.

To menn som handhelsar
SIGNERTE KONTRAKT: F.v. anleggsleiar Lars Helge Kveen, Vegar Bøe byggeleiar i SVV, Øystein Tytingvåg prosjektleiar i SVV og Jon Gudbrand Kveen Øvre-Flo, daglig leiar i Kveen AS.

Strynefirmaet Kveen AS skal utføre dette arbeidet. Same entreprenør har no ansvar for arbeidet som skjer ved Storesunde på fv.722. Her må vegmasser byttast ut, som eit førebuande tiltak til drivinga av Flotunnelen.

Tunneldrivinga startar i 2019

Den nye Blaksettunnelen skal lysast ut i som ei totalentreprise ilag med Flotunnelen.

- Vi tek sikte på å lyse ut desse to prosjekta som ei kontrakt i ei totalentreprise i løpet av 2018. I ei totalentreprise har entreprenør ansvar for både prosjektering og utføring. Anleggsstart blir i første halvdel av 2019, seier prosjektleiar Øystein Tytingvåg.

Publisert  28. august 2018