Inviterer til informasjonsmøte om tunnelbygging i Stryn

Snart startar drivinga av to nye tunnelar, Blakset- og Flotunnelen. Tysdag 30. april inviterer Statens vegvesen til informasjonsmøte i Stryn.

– Vi vil gå igjennom kva prosjektet inneheld, både av tunnelar og vegbygging ute i dagen. Her vil også naboar til anlegga få svar på spørsmål dei måtte ha om anleggsarbeidet, seier Øystein Tytingvåg, prosjektleiar i Statens vegvesen.

Hæhre Entreprenør, firmaet som har fått oppdraget med å prosjektere og bygge tunnelane, vil også vere til stades på møtet komande tysdag.

- Sidan dette er ei totalentreprise er ikkje alt ferdig prosjektert og detaljplanlagt endå. Vi vil difor konsentrere oss om det arbeidet som skal starte opp før sommarferien, og så vil vi informere om vidare framdrift undervegs i prosjektet, seier Tytingvåg.

I kontrakten er det sett to ulike sluttfristar for tunnelane. Blaksettunnelen, som er den kortaste, skal vere ferdig innan 15. juni 2021. Flotunnelen eitt år seinare, 15. juni 2022.

Informasjonsmøtet vert halde i auditoriet på Stryn vidaregåande skule.

Publisert   26. april 2019