Halvvegs i Blaksettunnelen

Drivinga av den nye Blaksettunnelen held stø kurs mot gjennomslag i slutten av februar, men i Flotunnelen forsinkar vatn i tunnelen framdrifta.

binary-2864064-1352541.jpg

Sidan første tunnelsalve 7. august har tunneldrivinga frå Robjørgane gått radig. Entreprenør Hæhre AS har til no drive 615 meter, om alt går som planlagt vert det gjennomslag i slutten av februar 2020. Grei fjellkvalitet, kort veg til deponi av tunnelstein og god logistikk frå entreprenør er medverkande til den gode framdrifta.

Lange stengingar

For trafikantane på fylkesveg 5742 har kvardagen vore hakket meir krevjande denne hausten. Det har vore lange stengingar i samband med sprenging av tunnelpåhogg på Dokset, frå måndag til torsdag.

- Vi forstår godt at dette er ei ulempe for dei som køyrer denne vegen dagleg, men alternativet er kortare og færre stengingar, og då vil anleggstida bli lengre. Det som har vore viktig for prosjektet er forutsigbarhet for trafikantane, vi har etterstreba å få ut nok informasjon om når vegen er stengt, seier prosjektleiar Øystein Tytingvåg.

Flotunnelen

Drivinga av Flotunnelen har gått litt trått den siste tida. Det er drive 460 meter frå Flo, og om lag 10 meter frå Veslebygda. Der starta dei tunneldriving for om lag to veker sidan.

- Optimalt skulle dei vore om lag 300 meter lengre enn dei er i dag. Steinkvaliteten er god, men vatn som kjem ovanfrå og  som har laga seg årar inn og ned i fjellet har vore ei utfordring for tunneldrivinga, fortel Tytingvåg.

Vatn betyr mykje meirarbeid for tunneldrivarane. Mot at dei til vanleg kan bore hol og fylle med sprengstoff, må dei no først sonderbore for å sjå om der er vatn, dersom det er det må ein bore mange hol rundt tunnelprofilet og fylle desse med sement. Dette er tidkrevande, men naudsynt før ein kan bore og sprenge som planlagt.

- Om ein ikkje gjer nødvendige tiltak når ein møter på vatn i tunnelen kan det bli problem ved lading av salva, sprengstoffet kan bli vaska ut eller verst av alt – det blir brot på salva slik at noko sprengstoff står att etter sprenging. I tillegg ville det bli store vannmengder å handtere gjennom tunnelen viss det ikkje blir gjort tiltak.

Problem med vatn i fjellet under tunneldriving er noko som dukkar opp frå tid til anna.

-  Å flytte tunnellinja er ikkje aktuelt, vi veit ikkje kor vatnet kjem eller kor det er tørt. Når vi kjem inn eit parti med sånn type fjell må vi berre gjere dei nødvendige tiltaka, og jobbe oss igjennom det.

Ekstraarbeidet på grunn av vatn vil sjølvsagt ha ein økonomisk konsekvens for prosjektet. Kor store summar det er snakk er enno ikkje klart. Tunnelentreprenøren har no starta med tunneldriving frå Veslebygda for å bli fortare ferdig, og frigjere riggutstyr til oppdrag dei har andre stader.

Har utbetra slitasjeskader på fylkesvegane

Både fylkesvegen til Flo og Blakset har fått ekstra slitasje på grunn av tunneltransport. Som ein del av prosjektet har det difor vore nødvendig å ta att ein del punkt på eksisterande veg. Mellom Storesunde og Veslebygda har det vore nattestengingar dei siste vekene, men desse er no avslutta.

- Her har vi rett og slett skifta ut vegen på nokre punkt. Før jul skal vi få lagt asfalt og få opp rekkverk, fortel byggeleiar på Flotunnelen, Vegar Sætren Bøe.

Juleferie

Tunnelarbeidet på Flo og Blakset vert avslutta 19. desember, og anlegget vert stengt ned frå 20. desember. Fram til 6. januar blir det redusert fart, men fri ferdsel gjennom anleggsområdet.

Vestland byggherre frå 2020

I samband med regionreforma overtek fylkeskommunen ansvaret for bygging og drifting av fylkesvegar, eit ansvar som Statens vegvesen til no har hatt gjennom sams vegadministrasjon.

Frå 1.1. 2020 vil det difor vere Vestland fylkeskommune sin logo på bilar, prosjektkontor og uniformar. For publikum vil ikkje denne overgangen ha nokre praktiske konsekvensar, byggherrekontoret vil vere i Leirgulen-bygget som før.

Publisert 13.11.2019