Godt i gang med Blaksettunnelen

Framdrifta i tunneldrivinga på Robjørgane er god, med stabilt fjell.

Tysdag 6. august gjekk første salve i Blaksettunnelen, og vi har no drive 393 meter med tunnel frå Robjørgane.

Illustrasjon_Blakset 10okt-01.png

Vegstengingane vil bli i dei same tidsromma det har vore til no: kl. 09:00-12:00, 13:00- 15:00, 17:30- 21:00 frå måndag til torsdag. Det kan bli stengingar på inntil 15 minutt alle dagar.

– Entreprenør Hæhre skal i hovudsak drive tunnelen frå aust, og det er den vegen tunnelmassene vert transportert til deponi, seier prosjektleiar Øystein Tytingvåg.

Tunneldriving frå aust

I midten av august starta arbeidet med forskjæring i vest, og innbyggjarane på Blakset har nok merka at det har blitt litt meir lyd og støv frå anleggsdrifta. Entreprenøren har dei siste vekene sikra påhoggsområdet, starta sprenging og teke ut masse. Eindel av desse massene vert brukt til å utvide vegen på nedsida av forskjæringa.

Forskjæring vest skal vere ferdig i slutten av november. Då er det klart til gjennomslag i Blaksettunnelen over nyttår.

Skal utbetre skader

Massetransporten frå tunnelen har slite på eksisterande veg, og frå anlegget til Vegtun vil det bli gjort mindre utbetringar der vegen er skada.

Publisert 10.10.2019