Første tunnelsalve på Blakset

Tysdag 6. august gjekk første salve i Blaksettunnelen, med påfylgjande mindre sprengingar dei neste dagane.

20190807-Blakset-Aust-18-(8).jpg

Det tek tid før ein kan sprenge heile profilet på tunnelen, altså tunnelopninga. Den første salva, piloten, vart bora om lag 3 meter inn i fjellet. Etterkvart kan sprengladningane aukast gradvis fordi fjellet då har stader å flytte seg.

Påhogget ved Robjørgane vart dekka med matter og to skjold før sprenginga. Desse veggane skal hindre at steinsprut frå sprenginga.

Tunnelpåslaget er dekka med matter og skjold for å hindre steinsprut
DEKKA TIL: Påhogget vart dekka med matter før sprenging. Til slutt vart det sett opp to skjold framfor. Desse veggane skal hindre at steinsprut kjem ut på vegen.

Utvida stengetider

Når det no blir oppstart på tunnelsprenginga vil stengetidene bli utvida til natt og laurdagar. På dagtid blir det stengingar i dei tidsromma som det har vore (kl. 09:00-12:00, 13:00- 15:00, 17:30- 21:00) , medan det vert nattestengt frå klokka 23:00 til 02:00. Laurdagar vert vegen stengt mellom 10:00 og 13:00, og mellom 14:00 og 16:00.

Publisert 9. august 2019