Anleggsarbeidarane på Blakset legg inn ei ekstra økt i sommarferien

Arbeidet med forskjeringa til tunnel på Blakset vart noko meir utfordrande enn venta. Entreprenøren vil difor jobbe delar av ferien for å sikre at ikkje lause parti står att usikra.

– Over det planlagde tunnelpåhogget ved Robjørgane vart det avdekt eit område med dårleg fjell. Etter råd frå geolog valde vi difor å flytte påhogget med 25 meter, seier prosjektleiar Øystein Tytingvåg.

For å fullføre sikringsarbeida ved det nye tunnelpåhogget godt nok, både for dei som jobbar på anlegget og  trafikantane, tek ikkje anlegget ferie som planlagt, men vil jobbe også i veke 28 og 30.

I veke 28 blir det arbeid frå måndag morgon til torsdag ettermiddag, det same i veke 30. Stengetidene blir som dei har vore den siste tida, fylkesveg 698 vert stengd kl. 9-12, 13-15 og 1730-2100. Vegen blir open for fri ferdsel frå torsdag kveld og fram til måndag.

– Trafikantane må bu seg på at stengingar av dette omfanget vil vare utover hausten, også etter at tunneldrivinga startar i veke 31, seier Tytingvåg.

Publisert 01.07.2019