Anbodsopning på Flo- og Blaksettunnelen

Anbodsopning på Flo- og Blaksettunnelen

I alt kom det inn seks anbod. Hæhre Entreprenør AS var lågast med 490 millionar kroner. Deretter følgde Kruse Smith med 504 millionar, og Bertelsen og Garpestad med 511 millionar.

Entreprisen inneheld bygging av to tunnelprosjekt i Stryn, Blaksettunnelen på fv. 698 og Flotunnelen på fv. 722.

No startar arbeidet med å kontrollrekne tilboda og sjekke at all dokumentasjon er lagt ved, før Statens vegvesen tek ei endeleg avgjerd om kven som får oppdraget.

– Etter framdriftsplanen vert kontrakten med entreprenøren signert i løpet av mars. Anleggsarbeidet vil truleg starte i april, seier prosjektleiar Øystein Tytingvåg.

Namn på tilbydar

Tilbodssum eksl. mva

Bertelsen & Garpestad AS 511.310.175,00
AF Gruppen Norge AS 649.987.345,72
Hæhre Entreprenør AS 489.634.757,00
NCC Norge AS 819.550.417,00
Leonhard Nilsen & Sønner AS 648.327.276,40
Kruse Smith Entreprenør AS 503.834.866,00

 

Publisert 24.01.2019