Fv. 5742 Blaksettunnelen

Veg:  fv. 5742
Fase:  Byggefase, oppstart mai 2019
Kommune:  Stryn
Mål:  Bygging av ny tunnel, for å avløyse to eksisterande tunnelar som ikkje stettar dagens standard. 
Kostnad:  Kostnadsrekna til 237 mill kroner i 2017. 

Det blir bygd ein ny tunnel mellom Blakset og Robjørgane i Stryn kommune, som skal avløyse to eksisterande tunnelar. Dei gamle tunnelane tunellane er svært smale og dårlege, og stetta ikkje dagens krav til tunnelstandard.

Første salve på forskjæringa gjekk i mai 2019, og 13. februar 2020 var det gjennomslag i tunnelen. Ein reknar med å kunne opne for trafikk sommaren 2021.
Innan den tid skal all masse i vegbana skiftast ut og byggast opp på nytt med frostsikring og drenering. Deretter startar arbeidet med elektriske installasjonar.

dronebilde_blakset.PNG