Vi er i gang med Flotunnelen

Mange har nok allereie merka at tunnelarbeidet har starta på Flo. Fram mot sommaren skal forskjeringa ryddast og sprengast. Dette arbeidet vil gå fram til ferien.

Forskjeringane er angrepspunktet for tunneldrivinga. Steinmassar må sprengast og jord ryddast vekk før ein kan lage eit påhogg og starte sjølve tunneldrivinga.

Tunneldrivinga går i gang etter sommarferien, i veke 31-32. Frå august til desember vil entreprenøren drive omlag ein kilometer tunnel frå Flo, før han flyttar utstyret til Veslebygda og driv dei resterande tre kilometera av tunnelen derifrå.

Fellesferie

Anleggsarbeidet på Flo og Blakset tek ferie veke 28, 29 og 30. Når tunneldrivinga startar til hausten vil det vere drift nesten heile døgnet. Dette vil merkast av dei som er næraste naboar til tunnelane. Det vil bli sprenging, tømming av stein og ei tunnelvifte som går. Når det er sagt, så vil vi prøve å justere vifta slik at det bli minst mogleg støy mot naboane.

På Flo skal stein frå forskjeringa og den første kilometeren med tunnel lagrast lokalt, medan det som vert sprengt ut frå Veslebygda må fraktast langs fylkesvegen og vidare på riksveg 15.

Folkemøte

mange menneske i auditorium.
FOLKEMØTE: I auditoriumet på Stryn vidaregåande skule.

Tysdag 30.mai var det folkemøte på Stryn vidaregåande skule. Auditoriumet var nærast fullsett då planane for den nye Blakset og Flotunnelen skulle presenterast. Tilstades var representantar frå Statens vegvesen, hovudentreprenør Hæhre Entreprenør AS og underentreprenør Volda Maskin. Dei skal ha ansvar for flytting av masser og frakt av stein. På folkemøtet kom det mellom anna spørsmål om vegen til Flo må stengast under sprenging i tunnelen.

- Vi vil følgje med den første tida, men det blir sannsynlegsvis ikkje nødvendig, forklarte anleggsleiar i Hæhre, Jan Lima.

Mann med blå skjorte
ANLEGGSLEIAR I HÆHRE: Jan Lima.

Informasjon

Det kan bli aktuelt med fleire folkemøter gjennom anleggsperioden. Vi vil også informere gjennom lokalavisa, informasjonsbrosjyrar og på nettsidene. Stengetider vil også bli varsla på SMS til dei som har meldt seg på denne tenesta.

Publisert 15. mai 2019