Snart gjennomslag i Flotunnelen

Første lag asfalt på den nye vegstubben på Flo vart rulla ut i førre veke. I løpet av eit par vekers tid er det gjennomslag i Flotunnelen.

ENDEVEGG: All tunneldriving i Flotunnelen skjer no frå Veslebygda. Om eit par veker er det hol tvers igjennom tunnelen.

– Det har gått litt saktare enn forventa den siste tida, for vi har møtt på dårleg fjell i drivinga av det siste stykket, men i løpet av to-tre veker blir det gjennomslag, lovar fungerande byggjeleiar Matias Gjøstein Sundal.

FØRSTE TUNNELSALVE: Slik såg det ut på Flo for eit drøyt år sidan, då første tunnelsalve vart fyrt av i august 2019.

SEPTEMBER 2020: I løpet av det siste året har blant anna terrenget med eplehagen midt i bildet blitt løfta, planert og fått betre drenering, og er no klar for nydyrking.

På Flo er det lagt asfalt på den nye vegstubben og i krysset der ein svingar inn til tunnelen, dette vert gjort no for å lette vintervedlikehald og brøyting. Det er også sett opp rekkverk på den strekninga i Veslebygda der vi har utbetra vegen.

TUNNELPORTAL FLO: Fjellskjeringa utanfor tunnelen skal sikrast med ein betongmur på toppen. Bygginga av tunnelportalen startar til våren.