Arbeidet i Flotunnelen tek langhelg

Anleggsarbeidet på Flo og i Veslebygda tek påskefri frå midt på dagen onsdag, til tysdag i neste veke.

Første del av veka er det anleggsaktivitet både inne i Flotunnelen, med vass- og frostsikring, og arbeid ute i dagen i Veslebygda, med bygging av ny bru over Fureelva.

Begge stader vert det påskefri frå onsdag, og arbeidet startar oppatt tysdag i neste veke.

Stilt i Blaksettunnelen

Også i Blaksettunnelen blir det stillstand i påskeveka. Vi er no inne i siste fase i tunnelen, med elektroarbeid og testing av teknisk utstyr i tunnelen.

– Vegtunnelar i dag har kompliserte styringssystem og mange elektroniske sensorar. Tunnelen kan ikkje opnast før all testing er ferdig, og vi har fått sikkerheitsgodkjenning frå Vegdirektoratet, seier prosjektleiar Jon Harald Huseklepp.

Går alt som planlagt vert det opning av Blaksettunnelen i juni, som tidlegare varsla.