Ny fase i Flotunnelen

Gjennomslaget 3. oktober sette startskotet for ein ny fase i Flotunnelen, med etterarbeid som vil vare til langt ut i 2021.

TUNNELOPNING: Mykje arbeid står att før Flotunnelen kan opne for trafikk i 2022.
TUNNELOPNING: Mykje arbeid står att før Flotunnelen kan opne for trafikk i 2022.

Det første som skal gjerast er å skifte ut massar i botnen av tunnelen, og legge ned drensrøyr og kummar i grøftene.

Vass- og frostsikring

Deretter startar arbeidet med å vass- og frostsikre tunnelen, eit arbeid som vil gå ut over våren. Først må det monterast stag i fjellet som PE-mattene skal festast i. Polyetylen(PE), er ein type plater som skal dekke tunnelveggar og – heng, og som skal leie vekk vatn og hindre frost. Dette materialet er brannfarleg, og må difor dekkast med sprøytebetong. Vassproblema som har medført mykje meirarbeid i drivinga av tunnelen er løyst undervegs, ved at fleirfoldige tonn med betong er spruta inn i fjellet for å tette vassårene.

Endra bemanning – framleis høg aktivitet

Det vil bli noko endring i bemanninga på anlegget. Drivarane som har vore i tunnelen går vidare til andre prosjekt, ein del skal til Strynefjellet der Hæhre har oppdrag med å utbetre tunnelane.
Det vil likevel vere mykje aktivitet på anlegget, med fleire skift og tilnærma døgnkontinuerleg drift inne i tunnelen.

Held fram smitteverntiltak

Det har til no ikkje vore utbrot av korona på tunnelprosjekta i Stryn. Byggherre og entreprenør følgjer smitteverntiltaka, og entreprenør har eigne retningslinjer når det gjeld sine tilsette, spesielt dei som er busett utanfor landegrensene.

Ny prosjektleiar

Øystein Tytingvåg sluttar i Vestland fylkeskommune 1. november, og tek til i ny jobb i entreprenørfirmaet Aurstad AS. Jon Harald Huseklepp, som i dag er prosjektleiar i Sunnfjord, tek over ansvaret for Blakset- og Flotunnelen.

Tidlegare byggjeleiar for Flotunnelen, Vegar Bøe, har også slutta i fylkeskommunen. Byggjeleiar på Blaksettunnelen, Matias Gjøstein Sundal, vil fungere som byggjeleiar for Flotunnelen til ny byggjeleiar er på plass.

 

Publisert 27. oktober 2020