Merkedag på Flo

Etter månader med førebuingar small første salve i Flotunnelen denne veka.

Video

Dei som hadde sett føre seg eit kjempesmell som etterlet seg eit stort krater i fjellet, blir nok skuffa. Ein må starte forsiktig, med små salvar, elles risikerer ein å sprenge sundt tunnelpåslaget, spesielt når det er såpass lite overdekning som på Flo.

mann med hjelm.
SKYTEBAS:Skytebas Gunnar Hågensen fyrte av første sprengladning.

Den første salva, piloten, vart bora om lag 2,5 meter inn i fjellet. Etterkvart kan sprengladningane aukast gradvis fordi fjellet då har stader å flytte seg.

Menn framfor tunnelpåhogg.
TUNNELPÅHOGG: Vollen framfor tunnelopåhogget vart lagt opp for å bremse steinmassene. Første salve som vart avfyrt er nede til høgre.

Dei innbyggjarane i Flobygda som bur nærast tunnelen vil merke at tunneldrivinga no har starta. Det vil vere drift nesten heile døgnet, med sprenging, tømming av stein og ei tunnelvifte som går. All tunnestein som vert teke ut av tunnelen skal deponerast rett ved tunnelen. Massene skal brukast til å heve området litt, det skal deretter planerast og matjorda vert lagt tilbake.

Menneske i vernekle i anleggsområde, med fjell og Strynevatnet i bakgrunnen.
RIGGOMRÅDE: Tunnelprosjektet har sett sine spor i den vakre bygda, men når tunnelen står ferdig skal også områda utanfor vere stelte.

Fram til juleferien vil Flotunnelen blir driven frå nettopp Flo. Etter nyttår vil boreriggen etter planen bli flytta til Veslebygda. Gjennomslag blir truleg i januar 2021, og tunnelen skal kunne ta i mot trafikk i juni 2022.

DJI_0076.jpg
OPPSTRYNSVATNET OG FLOSTRANDA: På Flo-sida skal tunnelstein deponerast på landbruksområdet utanfor tunnelen. Steinmassane skal brukast til å heve området litt, det skal deretter planerast og matjorda vert lagt tilbake.