Flotunnelen inne i sine siste tusen meter

Utfordringane med vassårer i fjellet er over for denne gong, og inndrifta i Flotunnelen går no radig. Området utanfor tunnelpåhogget på Flo er på god veg til å bli stelt til, og tilbakeført til jordbruksmark.

Flo_2.jpg

Med ei inndrift på 50-85 meter i veka, reknar entreprenør med gjennomslag i oktober.

DJI_0328.jpg
FLO: Tunnelriggen er no flytta vekk frå Flo. Det blir dermed ikkje meir driving eller utlasting av stein frå denne sida.

Tunnelriggen på Flo skal flyttast, slik at det ikkje lengre er driving av tunnel på denne sida. Fram til gjennomslag blir all tunneldrift og uttransport av stein frå Veslebygda.

20200623_141950_web.jpg
TUNNELSTUFF: Etter kvar salve må bergveggen reinskast og sprutast rein med vatn.

– Vi er no ferdige med utbetringa av vegen mellom Veslebygda og Storesunde. Det blir ikkje fleire stengingar før ny og gamal veg skal koplast saman ved påhogget til den nye tunnelen, seier prosjektleiar Øystein Tytingvåg.

Dronefoto som viser tunnelpåhogg, anleggs- og riggområde.
VESLEBYGDA: Fram til gjennomslag blir all tunneldriving i Flotunnelen frå Veslebygda.

Vass- og frostsikring

I Blaksettunnelen er det mest arbeid inne i tunnelen. Platene som skal dekke tunnelveggar og tunnelheng, og som leie vekk vatn og hindre frost, er komne opp, og desse vert no dekka med betong for å gjere det brannsikkert.

DJI_0379.jpg
BLAKSET VEST: Det kan bli nokre stengingar på vestsida av Blaksettunnelen i samband med oppattbygging av eksisterande veg.

– Arbeidet med å montere tunnelportalen er ferdig på vestsida, og snart startar arbeidet på eksisterande veg. Her skal vegbana hevast, og få ny pukk og asfalt. I samband med dette arbeidet kan det bli nokre stengingar og omlegging av trafikken, dette vil vi varsle via SMS, seier Tytingvåg.

Det er også starta opp litt mindre utbetringar for å reparere skader som anleggstrafikken har påført vegen og grøftene frå Sætren til anlegget på Robjørgane.

DJI_0362_web.jpg
BLAKSET AUST: Ny og gammal tunnelinngang ved Robjørgane.

Etter sommarferien startar elektroarbeid i Blaksettunnelen. Dette vil gå heilt fram til tunnelen står ferdig neste år.
Siste frist for ferdigstilling av Blaksettunnelen er 15. juni 2021, men sannsynlegvis vert den ferdig før.

Sommarferie

Anleggsarbeidet på Blakset og Flo tek ferie frå veke 28, frå 6. juli og tre veker framover.