Gjennomslag i Flotunnelen

– Det er ein heilt fantastisk dag, både for Flo og Stryn kommune, seier Kolbein Fridtun. Laurdag fekk han tenne lunta for den siste salva i Flotunnelen.

RASSIKRINGSGRUPPA: Som representant for innbyggjarane på Flo, som lenge kjempa for sikring av vegen sin, fekk Kolbein Fridtun æra av å tenne lunta på siste salve i Flotunnelen.
RASSIKRINGSGRUPPA: Som representant for innbyggjarane på Flo, som lenge kjempa for sikring av vegen sin, fekk Kolbein Fridtun æra av å tenne lunta på siste salve i Flotunnelen.

Klokka 12:15 gjekk gjennomslagssalva, og det vart hol tvers igjennom tunnelen mellom Flo og Veslebygda.

Lang kamp krona med tunnel

Kolbjørn og innbyggjarane på Flo har kjempa lenge for rassikring av vegen mellom Veslebygda og Flo. I mange år la dei ned mykje innsats for å mobilisere lokal- og fylkespolitikarar til å støtte deira sak. Dei tok fleire turar til Leikanger og fylkestinget for å overtale dei til å prioritere Flostranda. Dagmar sine herjingar i desember 2011 fekk fart på prosessen, då gjekk det fleire ras langs stranda, og innbyggjarane vart isolerte i fleire dagar.

Sogn og Fjordane fylkeskommune ga startløyving til byggearbeidet i budsjettet for 2018. Våren 2019 starta førebuingane til tunneldriving med sprenging og rydding av forskjering. I august same år small første salve på det som har blitt ein 3750 meter lang tunnel.

Eliminerer fleire raspunkt

HOL I TUNNELEN: Etter 800 sprengsalver, 16.000 boltar i fjellet og 8.000 kubikk med sprutbetong vart det endeleg gjennomslag i Flotunnelen.
HOL I TUNNELEN: Etter 800 sprengsalver, 16.000 boltar i fjellet og 8.000 kubikk med sprutbetong vart det endeleg gjennomslag i Flotunnelen.

– Dette er ein tunnel som folk lokalt har kjempa for i mange år, og eg registrerer at folk gler seg over at vi er komne så langt, og snart kan køyre trygt mellom Veslebygda og Flo, seier Dina Lefdal, avdelingsdirektør i Vestland fylkeskommune.

Gjennomslag betyr at prosjektet no går over i ei ny fase. Slikt milepælar bør markerast, meiner Lefdal.

– Det er viktig å ta seg tid til sjå tilbake på vel utført arbeid. Ikkje minst er det kjekt at vi no er eit steg nærmare å eliminere dei stygge raspunkta vi har innover stranda her.

Kolbein Fridtun og Brynjar Flo i rassikringsgruppa på Flo, saman med representantar frå Vestland fylkeskommune. Avdelingsdirektør Dina Lefdal, leiar prosjekt nord; Gunnar Solbakken, og prosjektleiar Øystein Tytingvåg.

Også varaordførar i Stryn, Torstein Tvinnereim, var einig i at dette var ein historisk dag.

– Innbyggjarane har levd med utrygge vegar, særleg på vinterstid, dei har sendt borna sine nedover vegane her utan å vite om det kjem eit ras. Dette er ein stor dag for Stryn, og ein stor dag for Flobygda spesielt, sa Tvinnereim.

VARAORDFØRAR: - Tusen takk for kjempegod jobb så langt, og lukke til vidare med det som skal gjerast for å opne tunnelen, sa Torstein Tvinnereim  i si helsing til tunnelarbeiderane.
VARAORDFØRAR: - Tusen takk for kjempegod jobb så langt, og lukke til vidare med det som skal gjerast for å opne tunnelen, sa Torstein Tvinnereim i si helsing til tunnelarbeiderane.

Publisert 4. oktober 2020