Fv. 5704 Djupedalen–Solheimstranda

Tidlegare fv. 548

Veg:  fv. 5704
Mål: Vidareføring av fortau langs Brandsøyvegen, frå Haugaskjæret til Dragselva. 
Fase: Planfase
Kommune: Kinn

 


Opparbeiding av fortau og stadvis utbetring av vegen vil gjere det meir attraktivt for mjuke trafikantar å ferdast langs Brandsøyvegen. Samfunnsmålet med planarbeidet er trygg framkomst for gåande og syklande, og tiltaket er ein del av Kommunedelplan for sykkel. Reguleringa er i samsvar med gjeldande kommunedelplan for Florelandet–Brandsøy 2006–2018.

Statens vegvesen skal etter avtale med Sogn og Fjordane fylkeskommune og Flora kommune lage detaljreguleringsplan for fortau langs deler av fylkesveg 548 Brandsøyvegen. Målet med planen er å auke tryggleik og framkomst for gåande langs fv. 548 Brandsøyvegen, inn mot Florø sentrum.

Reguleringsplanen var på høyring i perioden 22. november 2019 til 22. januar 2020.