Fv. 57 Dale - Storehaug

Fylkesveg 57 mellom Dale og Storehaug (E39) har svært varierande standard. Medan ein del av vegen er utbetra, har deler dårleg kurvatur og for lita breidde.

Ei utbetring av vegstrekninga vil gje tryggare og meir rasjonell
transport på strekninga Bygstad – Dale. 

  • Kortare reisetid for næringsliv og arbeidstakarar
  • Betre framkomst
  • Tryggare veg for køyrande og gåande
  • Betre tryggleik mot ras og skred
  • Sikker omkøyringsveg for E39 mellom Lavik og Storehaug