Fv. 564 Salhusvegen, Ulsetstemma–Slettestølsvegen

Veg:  Fv. 564
Fase:  Planlegging
Kommune:  Bergen
Mål:  Målsettingen med prosjektet er å oppnå auka trafikktryggleik og auka andel gåande og syklande på strekninga.
Kostnad:  Prosjektet blir finansiert gjennom Miljøløftet og vil bli prioritert og finansiert i samsvar med Miljøløftet si porteføljestyring og tilgjengelege midlar.

2000 meter med gang- og sykkelveg skal byggast.

Hovudhensikten med prosjektet er å etablere gang- og sykkelveg langs fylkesveg 564 Salhusvegen mellom Ulsetstemma og Slettestølsvegen. Denne strekninga er ein viktig forbindelse mellom sentrum av Åsane/Ulset vest og Toppe. I dag er det ingen tilbod for gåande og syklande.

Prosjektet er ei forlenging av prosjekt Fv. 563 G/S Salhusvegen mellom fv. 267 Åsamyrane og krysset til Ulset vest som no er ferdig bygd.

Prosjektet inngår i Sykkelstrategi for Bergen 2010-2019 og er i handlingsprogrammet til Miljøløftet 2018-2021.