Søknad om sjødeponi i Årdal

I samband med utbetring av Seimsdalstunnelen ynskjer Statens vegvesen å etablere fjordeponi for overskotsmassar.

binary-2748361-1335431.jpg
ILLUSTRASJON: Her ynskjer Statens vegvesen å etablere fjordeponi for overskotsmassar.

Statens vegvesen søkjer om løyve til utfylling av omlag 120 000 m3 sprengstein i Årdalsfjorden ved Årebu i Årdal kommune. Djupne på deponiområdet er frå minus 10 meter til minus 90 meter. Sjøbotnarealet er angjeve til 0,4 km2.

Statens vegvesen har ikkje funne mottakarar for anna bruk av alle overskotsmassane og har søkt Miljødirektoratet om samtykke til å få deponere massane i sjø, jf. forureiningslova § 32. Planlagt tidsperiode er frå mai 2020 til oktober 2021.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du på Fylkesmannen sine nettsider. Høyringsfristen er sett til 26. august 2019.

Merknader til søknaden kan du
◾leggje inn i skjemaet nedst på denne sida
◾sende i ein e-post til fmvlpost@fylkesmannen.no
◾eller brev til Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2019/12407.
Alle fråsegner vert registrerte i postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.