Planarbeid for næringsområde ved Finnsåstunnelen er avslutta

Vi har no fått løyve til fjorddeponi i samband med utbetring av Seimsdalstunnelen avsluttar vi det oppstarta planarbeidet ved Finnsåstunnelen.

binary-2594514-1312299.jpg

11. februar 2019 varsla vi at vi, i samarbeid med Årdal kommune, skulle utarbeide ein reguleringsplan i dette området. Planen var å utvide eks. reguleringsplan i området slik at området kunne nyttast som massedeponi i samband med utbetring av fv. 5633 Seimsdalstunnelen.

Vi vil no orientere om at dette planarbeidet er avslutta, det vil ikkje bli utarbeida ein reguleringsplan i området. Dette fordi det er gitt løyve til fjorddeponi i samband med utbetring av Seimsdalstunnelen, slik at det ikkje lengre er behov for eit stort deponiområde.

Dei delar av området som allereie er regulert til industriområde kan truleg bli nytta til massehandtering og riggområde i samband med oppgradering av tunnelar langs fv. 53. Det er og truleg at dette området kan bli nytta til noko massehandtering og i samband med utbetring av Seimsdalstunnelen, da etter avtale mellom Årdal kommune og grunneigar.

Vi kan elles orientere om at vi i samarbeid med Årdal kommune vil nytte noko av masseoverskotet frå utbetringa av Seimsdalstunnelen til skredvollar i Seimsdalen og på Hæreid, og at vi har avtale om å levere delar av overskotet til eks. anleggsområde på Brennborg mellom Årdalstangen og Øvre Årdal. Det er altså berre delar av masseoverskotet som vil bli lagt i fjorddeponi.

Publisert 4. november 2019