Fv. 5633 Seimsdalstunnelen - opningstider og båtrute

For å gjere sprengingsarbeidet meir effektivt, sikre opningstidene og korte ned på perioden med lange stengingar blir det nye arbeidstider i tunnelen 6. april til 11. juli, og 2.til 22. august,  med heilt stengt på natt og kveldstid og båttransport på kvelden. 

Nye gjennomkøyringstider og slutt på båttransport 23. august

Det tyngste sprengingsarbeidet vart ferdig i august, og det blir gjennomkøyringar i tunnelen heilt fram til kl. 22.30 på kvelden, med ein gjennomkøyring kl. 23.15 og ein kl. 00.15 inntil vidare. Tunnelen blir framleis nattestengt. Sidan det er gjennomkøyringar i tunnelen blir det ikkje båttransport f.o.m. 23. august 2021.

kl. 06.00-07.00 ope kvar heile og halve time
kl. 07.00-09.00 fri ferdsel
kl. 09.00-15.00 ope kvar heile og halve time
kl. 15-17.00 fri ferdsel
kl. 17.00-22.30 ope kvar heile og halve time
kl. 23.15 gjennomkøyring frå begge sider
kl. 23.15-00.15 stengt
kl. 00.15 gjennomkøyring frå begge sider
kl. 00.15-06.00 stengt

 

  • Tunnelen er heilt stengt for gåande og syklande. 
  • Alle typar motorkøyretøy med kvite skilt kan passere på gjennomkøyringstidene, men ver obs på varierande vegdekke. 

Transport ved utilsikta vegstenging i Seimsdalstunnelen

Om vegen må stengast, kan det bli satt inn båttransport med tilhøyrande busstilbod, som ved arbeidet fram til 22. august 2021. 

Sjå prosjektsidene til fv. 5633 Seimsdalstunnelen

Utbetra Seimsdalstunnel skal etter planen stå ferdig våren 2023.
Utbetra Seimsdalstunnel skal etter planen stå ferdig våren 2023.