Fv. 5633 Seimsdalstunnelen

Veg:  fv. 5633 (tidlegare fv. 303)
Fase:  Byggefase frå november 2020 til mars 2023.
Kommune:  Årdal
Mål:  Formålet er å utbetre Seimsdalstunnelen slik at den tilfredsstiller Tunnelsikkerhetsforskriften, og samtidig legge til rette for gåande og syklande mellom Seimsdalen og Årdalstangen. Ferdig: mars 2023. 
Kostnad:  Kostnadsramme: 325 mill. kr.


Vestland fylkeskommune skal oppgradere den 1500-meters lange Seimsdalstunnelen frå 1965 mellom Seimsdalen og Årdalstangen i Årdal kommune til dagens standard. Det skal og bli gang- og sykkelsti gjennom tunnelen. 

Arbeidet tok til seint hausten 2020, og fylkesvegprosjektet skal stå ferdig i
mars 2023. 

Vegstenging

Det er eit omfattande arbeid som skal gjerast med tunnelen, og vegstenging må til i anleggstida. Tunnelen vil bli stengt på nattestid heile 2021 for å få gjort naudsynt arbeid, og det blir heilt stengt for gåande og syklande i anleggstida. Tunnelen er einaste veg mellom Seimsdalen og Årdalstangen, og stengingane ein særleg utfordrande del av dette fylkesvegprosjektet. Fylkeskommunen vil tilrettelegge trafikkavviklinga på best mogleg måte i samarbeid med kommunen og arbeidsgjevarar, og ivaretek tryggleiken i krise- og beredskapsituasjonar i lag med naudetatane.  
Sjå stengingstider vidare ned på sida.

Byggefasar

Førebuande arbeid

I november 2020 til og med første veka i januar 2021 vart det gjort førebuande arbeid, som skogrydding og montering av rasfanggjerde langs vegen, og riving og ny montering av ein del tekniske installasjonar i tunnelen. Arbeidet krevde kortare vegstengingar på inntil ein time.

Drivefase 2021 og vegstengingar

Sjølve tunneldrivinga starta i januar 2021. Dette er sprengingsarbeid som vil halde på gjennom året.  Massar må fraktast ut, og lengre og hyppigare stengingar må til i denne fasen.

Tunnelen blir nattestengt i heile 2021, med faste gjennomkøyringstider på dagtid. Det blir heilt stengt for gåande og syklande. 

Nye gjennomkøyringstider og slutt på båttransport 23. august

Det tyngste sprengingsarbeidet vart ferdig i august, og det blir gjennomkøyringar i tunnelen heilt fram til kl. 23.00 på kvelden inntil vidare med ei gjennomkøyring kl. 00.15. Tunnelen blir framleis nattestengt. Det blir det ikkje båttransport f.o.m. 23. august 2021 sidan det er gjennomkøyringar i tunnelen 

kl. 23.00-06.00 nattestengt tunnel
kl. 00.15 gjennomkøyring frå begge sider
På dagtid kan tunnelen bli stengt i 30 min, med periodar med fri ferdsel:   
kl. 06.00-07.00 Ope kvar heile og halve time.
kl. 07.00-09.00 FRI FERDSEL
kl. 09.00-15.00 Ope kvar heile og halve time.
kl. 15-19.00 FRI FERDSEL
kl. 19.00-23.00 Ope kvar heile og halve time.

 

  • Tunnelen er heilt stengt for gåande og syklande. 
  • Alle typar motorkøyretøy med kvite skilt kan passere på gjennomkøyringstidene, men ver obs på varierande vegdekke. 

Transport ved utilsikta vegstenging i Seimsdalstunnelen

Om vegen må stengast, kan det bli satt inn båttransport med tilhøyrande busstilbod, som ved arbeidet fram til 22. august 2021. 

Naudsituasjonar og beredskap

Fylkeskommunen legg til rette for at naudetatane kan ivareta tryggleik og beredskap for innbyggarane under bygginga av tunnelen. Det vil ligge ein båt tilgjengeleg for brann, helse og politi på Årdalstangen gjennom heile driveperioden, samt ein brannbil på Seimsdalssida. I dei to vekene i januar med nattestengt tunnel, blir det også ståande ein ambulanse med utstyr på Årebru i Seimsdalen. 

Tunnelportal
SKAL UTBETRAST: Inngang frå aust fv. 5633 Seimsdalstunnelen (tidlegare fv. 303)


Sprengingsarbeid og båttransport 6. april til 22. august

Etter at drivearbeidet tok til i januar 2021 vart det klart at ein trengte lengre samanhengande arbeidsperiodar i tunnelen med meir intensiv jobbing for å ha betre framdrift. Dette medførte stengt tunnel også på kveldstid frå kl. 18.00-06.00. Det vart satt opp båttransport mellom Tangen og Seimsdalen på kveldstid. Opningstidene var drøfta med kommunen, naudetatane og innbyggarar i området.

Med gjennomkøyringstider som i februar og mars vart det for mykje stress og dagleg usikkerheit om ein klarte å opne vegen til rett tid på morgonen etter arbeidet på natta. HMS og tryggleik for arbeidarar og trafikantar kjem alltid først, og sikring og opprydding av vegbana etter dagleg arbeid tek tid. I denne perioden vart det og arbeida i eit område med meir ujamn kvalitet på fjellet, med behov for meir tid til ev. r uføresette hendingar.    

Det var fri ferdsel i tunnelen i fellesferien i veke 28, 29 og 30. 

Entreprenør

Fylkesvegprosjektet vart tildelt entreprenør Bertelsen og Garpestad AS i oktober 2020 etter anbodsrunde. Dei held til i Egersund, og rigga seg til på Årdalstangen i slutten av november 2020. Anleggskontoret er i Seimsdalen, medan fylkeskommunen har prosjektkontor i Øvre Årdal.