Fv. 55 Bru over Esefjorden

Fv. 55 er utsett for skred i Esefjorden. Balestrand kommune vedtok i 2017 at dette skal løysast ved å byggje ei bru mellom Storesva og Presthola. Vestland fylkeskommune lagar no ein reguleringsplan for tiltaket.

Veg:  fv.55
Kommune: Sogndal
Mål:

Prosjektet skal gi skredsikker og trygg framkomst på fv.55 mellom Balestrand og Dragsvik.

Kostnad: Finansiering vil skje med fylkesvegløyvingar og statlege skredsikringsmidlar.
Fase:  planfase


Planfase

Prosjektet er i ein planfase, og Vestland fylkeskommune arbeider med reguleringsplan for tiltaket i samråd med Sogndal kommune. 
Reguleringsplanen skal vere ferdig sommaren 2021, og blir sendt på høyring. 

Informasjonsmøte, fv. 55 bru over Esefjorden
Kviknes hotel, Balestrand, 21. april
Du kan og sjå møtet digitalt. 
OBS: påmelding

Ulike alternativ

Det har vore jobba med ulike alternativ for brua, både plassering og form. 

Illustrasjon: Ulike alternativ for bruløysing over Esefjorden.
Illustrasjon: Ulike alternativ for bruløysing over Esefjorden.


Det første alternativet til plassering (1) er mellom Storesva på sørsida og Presthola på nordsida av Esefjorden. Etter grunnundersøkingar viser det seg at å bygge brua ved denne plasseringa blir vesentleg dyrare enn det som er lagt til grunn i kommunedelplanen. 

Ei alternativ plassering (2) er lagt noko lenger mot Balestrand sentrum på sørsida av fjorden, her er også plasseringa på nordsida flytta lenger aust. Med dette alternativet er det mogleg å redusere inngrepa langs fv. 55. Det blir også betre plass til trafikkavvikling i anleggsfasen, og større areal vil også gjere sjølve anleggsarbeidet med brubyggina lettare. 

Ulike alternativ for trafikkavvikling inn mot brua blir også vurdert, som kryss eller rundkøyring. Ein vil og sjå på seglingshøgda på brua, om den kan reduserast frå 15 til 12,5 meter. Dette kan gjere brua mindre synleg i landskapet, og redusere kostnadane. I dei nye alternativa kan og ei meir rett bru over fjorden vere aktuell.

Vurderingar

I november 2020 vart det gjort grunnunderøkingar for alternativ 2, både på land og i fjordbotnen. Dei ulike alternativa blir vurdert i planprosessen, og fylkeskommunen tek sikte på ha klart eit alternativ til reguleringsplanen tidleg våren 2021. 

I vurdering av løysingane er dette viktige tema:

  • kostnadar
  • brua si innverknad på landskapsbiletet, estetiske vurderingar.
  • terrenginngrep inne på land.
  • trafikksikkerheit og omsynet til vegnormalane
  • skredfare
  • støy
  • anleggsgjennomføring