Fv. 5476 Kvamsbrekko

Veg:  Fv. 5476
Fase:  Planlegging
Kommune:  Alver
Mål:  Utbetra veg frå ein smal og til dels uoversiktleg strekning til ein veg med to køyrefelt, i tillegg til gang- og sykkelveg. 
Kostnad:  

Utbygginga er ei utbetring av fylkesveg 5476 på strekninga Kvamme–Kvamsvågen. Dette er fyrste del av ein større reguleringsplan frå Kvamme til krysset ved kommunal veg ved Fossavatnet.

Det er låg standard på eksisterande veg som er smal og uoversiktleg, utan løysningar som sikrar mjuke trafikantar. Arbeidsområdet omfattar ei strekning på ca. 580 meter. Store delar av vegstrekninga går i eit sidebratt terreng, der eksisterande veg ligg tett opp til bustadhus.

Tiltaket omfattar i grove trekk utviding av vegen til to køyrebaner, samt bygging av gang- og sykkelveg. Det skal mellom anna også byggjast kantstopp for buss. Fortau vert bygd på austsida av fylkesvegen. På vestsida av fylkesvegen vert det fortau i tilknyting til kantstopp. Det vert også lagt trekkjerøyr for BKK på heile strekninga.

Gjennom heile anleggsperioden vil det vera stort fokus på mjuke trafikantar og best mogleg avvikling av trafikk.

Prosjektet er ein del av Miljøløftet.