Fv. 542 Miljøgate Svortland sentrum
Veg: | Fv. 542 |
Fase: | Planlegging |
Kommune: | Bømlo |
Mål: | Føremålet med prosjektet er å legge til rette for ei miljøgateløysing i Svortland sentrum. |
Kostnad: |
Prosjektet omhandlar reguleringsplanarbeid for fylkesveg 542 gjennom Svortland sentrum i Bømlo kommune.
Hovudmålsettinga med planen er å tona ned køyrevegen til fordel for ei miljøgate der mjuke trafikantar er prioritert. Planen skal legge til rette for at eksisterande miljøgateprofil i austleg del av sentrum blir vidareført gjennom heile sentrumsområdet. Det skal etablerast fartsreduserande tiltak og leggast til rette for gåande, syklande og kollektivtrafikk. Aktuelle tiltak vil vere å stramme opp gateløp, opparbeide tosidig samanhengande fortau og vurdere nye løysingar for utkøyringar og parkeringsplassar.